Kva har fornorsking med barnevernet å gjere?

Det samiske folk har i generasjonar vore utsett for overgrep og assimilering. Har barnevernet tilstrekkeleg kunnskap om korleis dette påverkar familiar i dag?

Av Reidunn Håøy Nygård, RKBU Nord, UiT Norges arktiske universitet.

Stipendiat Reidunn Håøy Nygård

Seksuelle overgrep i lulesamiske område aktualiserer nødvendigheita av å snakke om norsk assimileringspolitikk. 11 kvinner og menn fortel om seksuelle overgrep i VG, juni 2016. Politiet opplyser i sin sluttrapport i Tysfjordsaka 28. november 2017 at der er avdekka 151 seksuelle overgrep. Overgrepa har vore dyssa ned av familie, slekt, den læstadianske menigheten og lokalsamfunnet.

Den samiske befolkninga er utsett for vald i større grad enn andre. 45 prosent av den samiske befolkninga seier dei har opplevd vald, mot 32,6 prosent av ikkje samiske. Dette viser forsking gjort av førsteamanuensis Astrid Eriksen med fleire. Talet er høgast for samiske kvinner.

Lukka miljø. Det har blitt hevda at det lulesamiske og det læstadianske miljøet i Tysfjord er lukka. Eg spør om det lukka miljøet kan vere eit uttrykk for ubalanse i makt og tillit mellom det samiske samfunnet og det norske storsamfunnet.

For eit lite lokalsamfunn kan det å avdekke tabu og ukulturar bli eit sårbart møte med majoritetssamfunnet. Ein måte å verne om sin identitet, sitt språk og sin kultur kan vere isolasjon.

Kva har dette med barnevernet å gjere? I samfunn der den samiske befolkninga er i mindretal er det ikkje uvanleg å vere taus om sin samiske identitet. For å vere gode støttespelarar for barn og familie må ein få auge på det som ikkje blir snakka om. Barnevernet og sosialarbeidarar må få kunnskap om korleis dei kan møte og sjå kompleksiteten i folk sine liv.

«Bestemor snakkar samisk, men eg er ikkje same.» Gjennom assimilering har det samiske folk blitt tvungne til å gi avkall på samisk kultur. Gjennom historia har det å lykkast i samfunnet vore knytt til å meistre norsk språk, ha norsk namn og følgje norske normer og verdiar. Under denne fornorskingspolitikken har mange samiske foreldre oppdradd barna sine til å bli norske.

Ei samisk mor på 70 år har gjennom livet blitt tvungen til å bli norsk. Ho har lært barna sine norsk språk og kultur. I slutten av livet opplever ho at barna hennar er skuffa over at ho ikkje har vidareført sine samiske røter. Gjennom livet har denne kvinna to gangar blitt møtt med krav eller forventing om å endre sin etniske identitet.

I dag går fleire samiske samfunn gjennom ein re-vitaliserings-prosess. Fleire tek opp igjen sine samiske tradisjonar og identitetar. Nokre ser seg sjølve som både samiske og norske. Nokre ser seg som berre norske, andre som berre samiske. Slik kan det i same familie vere ein samisk bror og ei norsk søster. Assimilering gjer noko med eit lokalsamfunn, med ein familie og med det enkelte menneske.

Assimilering og undertrykking. Vi kan ikkje oversjå historia om fornorsking når vi forsøker å forstå kvifor den samiske befolkninga opplever meir vald enn andre. Vi må spørje oss om ubalanse i makt kan vere ein av grunnane til at overgrep ikkje blir oppdaga.

Gjennom ein samanliknande studie har eg snakka med sosialarbeidarar i samiske samfunn i Norge og i urfolkssamfunn i Montana, USA. Eg spør om korleis dei forsøker å ivareta kultur i møte med barn og familie. I Montana er sosialarbeidarane opptekne av at det er viktig å forstå den undertrykking og assimilering urfolksgrupper har blitt utsett for. Dei ser innverknad av undertrykking både på individet, på familien og i lokalsamfunnet. I sosialt arbeid er der utvikla metodar for å bearbeide historiske traume.

Blant sosialarbeidarar i barnevernet i Norge blir det i mindre grad snakka om assimilering og historisk undertrykking. Påverknaden av historisk undertrykking på dagens utfordringar får liten plass, både i praktisk sosialt arbeid, lovtekstar, føreskrifter og forskingslitteratur. Blant dei sosialarbeidarane eg intervjua vart det hevda at det norske samfunnet ikkje er klar for å sjå assimileringspolitikken sin innverknad på enkeltmennesket, familien og samfunnet.

Det samiske folk kjempar framleis om ein plass i det norske samfunnet. Retten til å utøve språk og kultur er ikkje sjølvsagt. I kampen om ein plass i samfunnet kan nyansar innanfor ein kultur lett forsvinne. Det er i lokalsamfunnet ubalanse i makt og tillit mellom minoritet og majoritet oftast kjem til uttrykk.

Barnevernet er der, i dei samiske lokalsamfunna. Skal barnevernet ha kunnskap om korleis assimilering og undertrykking påverkar folk sine liv? Skal barnevernet i samiske områder ha metodar for å bearbeide historisk undertrykking, slik vi finn eksempel på blant urfolk i Montana? Det burde kanskje vere ei sjølvfølge. Det er det ikkje.

Ansvar. Dette er ikkje eit ansvar barnevernet ber aleine. Vi som storsamfunn må få auga opp for korleis historisk assimilering skapar maktubalanse i dagens samfunn. Du og eg må forsøke å forstå korleis undertrykking og assimilering påverkar folk i generasjonar. Vi må auke vår kunnskap og i fellesskap søke løysingar for å rette opp dei sår som er skapt.

 

Kronikken ble første gang publisert i Nordlys 29.desember 2017.